(f. 1951) er lyrikar, kritikar og psykolog. Han debuterte med Hendene i byen i 1977 og har seinare gitt ut ei lang rekkje diktbøker. Han har også skrive barnebøker, fagbøker og gjendikta amerikansk lyrikk. Med samlinga Lyssmeden (1983) etablerte Torvund seg som ei solid lyrisk stemme i den norske litteraturen, og for Den monotone triumf (1989) blei han tildelt Nynorsk litteraturpris. Torvund har sidan gitt ut bøker nesten årleg, og i 1996 fekk han Samlagsprisen for sin forfattarskap. Alt er høy (2007) var Torvunds 25. diktsamling. Denne nyskapande samlinga vekte stor oppsikt i det litterære Noreg og blei mellom anna kalla eit «litterært jordskjelv». Gjennom lange linjer fletta Torvund saman det barokke og det surrealistiske i eit inderleg biletspråk, og både utvida og utvikla sitt poetiske univers. I Sjelsord (2008) viser Helge Torvund korleis orda kan vere forløysande i situasjonar der menneske er i endring, og drøftar språket si viktige rolle ved psykiske lidingar. Torvund arbeider som psykolog, er diktlærar på nettstaden Diktkammeret og var i mange år hovudmeldar av lyrikk i Dagbladet. Han bur på Ogna i Rogaland.