Helena Ohlsson (f. 1975) er illustratør, utdanna ved Institutionen för Grafisk design & Illustration i Stockholm. Ho blir inspirert av vertikalar og horisontalar, linjalen er derfor eit flittig brukt verktøy. Teikningane blir gjort med blyant, fargelegginga skjer elektronisk. Helena set pris på det uperfekte, derfor kan ein ofte sjå spor av prosessen i teikningane hennar.