Hans Olav Tungesvik (f. 1936) har hatt eit mangfaldig yrkesliv med talrike verv i politikk og frivillige organisasjonar: Leiar i Noregs Mållag 1965–70, fylkespsykiatar i Finnmark 1975–77, stortingsrepresentant 1977–85, parlamentarisk leiar for Kr.F 1983–85, sjeflege ved Modum Bads Nervesanatorium 1995–97. Etablerte i 1985 Frihamn psykiatriske senter i Skånevik, der han med eit lite avbrot har vore dagleg leiar sidan.