(f. 1967) er journalist, musikar og forfattar frå Stord. Han debuterte med romanen Tyl i 2005 saman med Finn Tokvam. I Tyl møter vi postmannen Ove Ullkvam, som er 30 år og bur i ei lita bygd på Vestlandet. Saman med kameraten Ragnar, som er uvanleg oppteken av visesongaren Olav Stedje, prøver han å finne ein veg ut av tiltaksløysa. Folgerø er kjend som programleiar for programposten Førkveld i NRK. Han har tidlegare vore programleiar for Mediemenerne og arbeidd med humor i Radio Røynda. Folgerø er musikar og spelar bass i gruppa Aftenlandet og fagott i populærorkesteret Finn-Erix.