Gro Steinsland (f. 1945) er professor i religionshistorie ved Middelaldersenterett, Universitetet i Oslo. Steinsland har publisert ei rekkje artiklar og bøker med emne frå førkristen religion, mellom anna Det hellige bryllup og norrøn kongeideologi(1991), Eros og død i norrøne myter(1997), og Den hellige kongen(2000). Saman med norrøn-filologen Preben Meulengracht Sørensen har Steinsland mellom anna gitt ut Mennesker og makter i vikingenes verden. Som ein særdeles aktiv forfattar, føredragshaldar og debattant er Steinsland ein av våre aller fremste formidlarar av norsk kulturhistorie.