(f. 1980) kjem frå Haugesund. Han debuterte som forfattar med romanen Johan i 2009, og er kjend som songar og musikar i Bergen Mandolinband. Sortland mottok mange gode meldingar for debutboka, og blei mellom anna kalla ein særdeles løfterik debutant. Johan er ei forteljing om det å miste og å leve vidare. Historia er truverdig fortald i eit stillfarande språk. I 2011 kom kortprosasamlinga Du er her igjen og alt er forandra. Gaute M. Sortland er låtskrivar og vokalist i country- og bluegrassbandet Bergen Mandolinband. Bandet spelar amerikansk folkemusikk i nynorsk språkdrakt og gav i 2008 ut si første plate, Lang veg til Tysvær. Plate nummer to, Til skogen, kom i 2010. Sortland har mastergrad i nordisk litteraturvitskap og bur i Oslo.