Jan Olav Fretland (f. 1950) er førsteamanuensis ved avdeling for lærarutdanning og idrett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han er tidlegare leiar i Norsk språkråd og har skrive lærebøker i nynorsk grammatikk og i god offentleg språkbruk, mellom anna På saklista. Aud Søyland (f. 1954) har lang røynsle som språkrettar og har samla døme til boka frå praktisk arbeid med tekstar. Ho arbeidde i Norsk språkråd på 1980-talet, men har sidan vore frilans språkrettar og omsetjar. Søyland er òg ein av redaktørane for Hellevik: Nynorsk ordliste. Saman har dei to tidlegare gitt ut Rett og godt. Handbok i nynorskundervisning.