(f. 1972) er journalist, musikar og forfattar frå Flåm. Han debuterte med romanen Tyl i 2005 saman med Halvor Folgerø. I Tyl møter vi postmannen Ove Ullkvam, som er 30 år og bur i ei lita bygd på Vestlandet. Saman med kameraten Ragnar, som er uvanleg oppteken av visesongaren Olav Stedje, prøver han å finne ein veg ut av tiltaksløysa. Tokvam er kjend frå NRK, der han har arbeidd som journalist og humorist mellom anna i programpostane Radio Røynda og P.I.L.S. (Populærmusikk Ispedd Litt Sladder). Han er òg journalist i Bergens Tidende og vokalist i populærorkesteret Finn-Erix.