(f. 1957) er frå Stavanger. Han debuterte med diktsamlinga Det opplyste landskapet i 1983 og har gitt ut bøker innanfor ei rekke sjangrar. Øglænd er òg aktiv som kritikar og essayist. Øglænds omfattande litterære produksjon inneheld både diktsamlingar som Flammande mørke (1985), Poesi er for desperados (2001), I den kalde molda brenn eit bål (2008), romanar som Mannen utan ansikt (1985), Pariserloff (1988), Hjarteblod (1993) og barne- og ungdomsbøker som Stina på månen (2002), Amok (2004) og Svarte sjeler (2007). Hjartets protokollar (2000) er ei samling korte prosatekstar, mens Berre ikkje noko skjer frå 1999 er eit skodespel. For forfattarskapen sin har Øglænd motteke fleire prisar. I 2000 fekk han Sunnmørsprisen for Dei penaste jentene på TV, ei bok han året etter også fekk Skolebibliotekarforeningens litteraturpris for. I 2005 fekk han Samlagsprisen, og i 2007 blei han den første til å motta det nyetablerte Rasmus Løland-stipendet frå Rogaland Fylkeskommune. Ungdomsboka Fem dagar, fire netter blei i 1998 nominert til Brageprisen og Norsk litteraturkritikerlags barnebokpris. Øglænd har gjort ein omfattande innsats som omsetjar, og har m.a. gjendikta Rutger Kopland, Charles Simic, James Wright, Hugo Claus og Eddy van Vliet til norsk. Finn Øglænd har utdanning frå forfattarstudiet i Bø, og har vore lærar ved Skrivekunstakadmiet i Hordaland. Han bur no i Stavanger.