(f. 1955) voks opp i Salangen i Troms og er busett i Tromsø. Sidan debuten i 1984 med Dikt og Tekstar har ho gitt ut ei rekkje bøker for vaksne, ungdom og barn. Jensen viser stor allsidigheit når det gjeld sjangrar. Ho skriv både dikt, noveller, romanar, essay og artiklar, arbeider som gjendiktar og omsetjar. Stikkord for forfattarskapen er høgt språkleg medvit og vid litterær orientering. For den nyskapande biletboktrilogien om bokstavane, tala og fargane (Alle i Alta kan, Tre høns på plenen og fire egg, Alt kan begynne med kvitt) har Jensen, i lag med illustratørane Inger Lise Belsvik og Gry Moursund, fått mykje merksemd. Gjennom heldige legeringar av dikt og forteljingar og leikne tekstar for både den trente og utrente lesaren har Jensen utvida sitt repertoar i forfattarskapen sin for barn. Eva Jensen har arbeidd som lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland, og som gjestelærar og foredragshaldar ved ei rekkje institusjonar. Sist, men ikkje minst, driv Jensen eit utstrekt arbeid som litteraturformidlar for barn og unge rundt omkring i landet. Jensen har i tillegg hatt verv i Forfatterforeningens litterære råd i fire år, og i Norsk Forfattersentrum gjennom ei rekkje år.