(f. 1954) debuterte med romanen Blenda i 2007, eit velskrive tidsbilete om samfunn og menneske i endring, der det sterke og naive språket gir ein sanseleg nærleik til miljøet og hendingane. I Blenda skildrar Brekke både ei ung kvinnes oppvekst og oppbrot, og eit norsk samfunn som i tiåra etter 1950 gjennomgår mange endringar. Gjennom det skarpe og subjektive blikket til den vesle jenta får vi oppleve det rike kvardagslivet på garden og det heller fattige samlivet mellom foreldra. Brekke er frå Saksumdal, og har arbeidd som pedagog i mange år. Ho bur i dag på Lillehammer.