Einar Niemi er professor i moderne historie ved Universitetet i Tromsø. Niemi har gitt ut ei rekkje bøker og artiklar, og var m.a. medforfattar på verket Norsk innvandringshistorie (2003). I 2003 fekk han Gad Rausings pris for framifrå humanistisk forskargjerning frå Vitterhetsakademien i Stockholm. Einar Niemi er redaktør av Utsyn og Innsikt-serien.