(f. 1964) debuterte i 2005 med den kritikarroste romanen Krinsereglane og følgde opp med Taxi for B.A. Beckström – eller kunsten å danse på furu i 2008, og Solskinsbussen i 2011. Debuten, Krinsereglane, er ei alvorleg, men samtidig svært humoristisk bygdekrønike, ein kollektivroman og ein skarp analyse av mellomkrigstida. Boka har blitt sett i samband med ei fornying av sjangeren bygdedikting som gjorde seg gjeldande tidleg på 2000-talet. Det absurde frå debutromanen er ført vidare i roman nummer to, men der ei heil bygd fekk spele med i Krinsereglane, er det i Taxi for B.A. Beckström éin person som får stå i sentrum. For denne boka fekk Austigard Sigmund Skard-Stipendet i 2008. Austigard voks opp i Årdal i Ryfylke. Han er utdanna diplomøkonom frå Bedriftsøkonomisk Institutt og har i tillegg to mastergradar frå USA i finans, politisk økonomi og marknadsføring. Han har óg bakgrunn frå Aschehougs forfattarskole.