Marknadskonsulent vikariat (100 %)

 Ein av våre dyktige marknadstilsette skal i foreldrepermisjon, og vi søkjer vikaren hennar. Vi ser etter deg som elskar bøker og sals- og marknadsarbeid, og som kan hoppe inn i 100 % stilling frå april 2021.

 

Vikaren vil hovudsakleg jobbe med bøker for barn og unge, men også med bøker i andre sjangrar. Arbeidsoppgåver vil romme alt frå arbeid med sal, presse, arrangement og sosiale medium. Du vil vere ein del av eit energisk, hyggeleg og erfarent marknadsteam, og du vil ha ekstra ansvar for samarbeidet med forfattarane som gir ut bøker for barn og unge.

 

Vi trur det vil vere lettast å lykkast i stillingane i marknadsavdelinga om du er utåtvend, er eit ja-menneske, tåler høgt tempo og å kaste deg ut i nye arbeidsoppgåver i tett samarbeid med oss. Utdanning innan marknadsføring og/eller litteratur vil vere perfekt, men vi er også opne for kandidatar med annan fag- og erfaringsbakgrunn.

 

Stillinga er eit vikariat i 100 %, som startar opp 1.4.2021 og varer ut året.

 

Arbeidsspråket i Samlaget er nynorsk.

 

Send CV og kortfatta søknad på nynorsk, der du gjer greie for motivasjonen for å søkje og kvifor du meiner du er rette personen for stillinga, innan 11.1.2021. Oppstart etter avtale.

 

Spørsmål om stillinga:

Marknadssjef Anne Liv Tresselt

e-post: a.tresselt@samlaget.no

 

Om forlaget:

Det Norske Samlaget er ei stifting som gir ut bøker på nynorsk: skjønnlitteratur for barn og vaksne, sakprosa og lærebøker til høgare utdanning. Forlaget gir ut om lag 100 nye titlar kvart år og har over 1100 titlar i sal. Forlaget har 25 tilsette. Årleg omsetning er på rundt 65 millionar kroner, og økonomien er god. Vi har fleksitid, sommartid og pensjons- og forsikringsordning. Lønn etter forlagets lønnssystem. Arbeidsspråket i forlaget er nynorsk.