Forlagsredaktør (barn- og unge) vikariat (40 %)

 

Vi søkjer ein initiativrik person som brenn for den gode barne- og ungdomsboka.

Å vere forlagsredaktør for barn- og unge er ein av dei viktigaste og mest morosame jobbane i Medie-Noreg.

  • Du får arbeide med å utvikle eigne og andres idear til bøker.
  • Du får rekruttere og hjelpe forfattarar opp og fram.
  • Du får arbeide i eit forlagskollektiv med dyktige og rause medarbeidarar.
  • Du bidreg til at tilfanget av engasjerande og relevante bøker på nynorsk blir stadig større og betre.

Arbeidet er utoverretta og sjølvstendig og omfattar alle sider ved bokutvikling og bokproduksjon. Det er ein fordel med redaksjonell erfaring, men ikkje eit krav. Redaktøren samarbeider tett med sals- og marknadsavdelinga og produksjonsleiar. 

 

Stillinga er eit vikariat i 40 %, som startar opp 1.4.2021 og varer ut året.

 

Arbeidsspråket i Samlaget er nynorsk.

 

Send CV og kortfatta søknad på nynorsk, der du gjer greie for motivasjonen for å søkje og kvifor du meiner du er rette personen for stillinga, innan 11.1.2021. Oppstart etter avtale.

 

Spørsmål om stillinga:

Forlagssjef Håkon Kolmannskog

e-post: h.kolmannskog@samlaget.no

 

Om forlaget:

Det Norske Samlaget er ei stifting som gir ut bøker på nynorsk: skjønnlitteratur for barn og vaksne, sakprosa og lærebøker til høgare utdanning. Forlaget gir ut om lag 100 nye titlar kvart år og har over 1100 titlar i sal. Forlaget har 25 tilsette. Årleg omsetning er på rundt 65 millionar kroner, og økonomien er god. Vi har fleksitid, sommartid og pensjons- og forsikringsordning. Lønn etter forlagets lønnssystem. Arbeidsspråket i forlaget er nynorsk.