Forlagsaspirant med etnisk minoritetsbakgrunn (100 %)

 

Vi søkjer ein ambisiøs og lærevillig forlagsaspirant som elskar å lese og som er interessert i sals- og marknadsarbeid, og som kan jobbe i forlaget frå april 2021, fortrinnsvis i 100 % stilling.

 

Vi ønskjer å tilpasse arbeidsoppgåver til den rette kandidaten, men ein vil kunne vere innom arbeid med forfattarrekruttering, manus, presse, sal, arrangement og sosiale medium. Du vil vere ein del av eit energisk, hyggeleg og erfarent forlagsteam, og du vil jobbe med bøker i alle sjangrar.

 

Gjennom stillinga får du oppleve eit forlag gjennom eit heilt år, og du vil få innblikk i og erfaring med store delar av forlagsdrifta. Dette er ein flott sjanse for alle som ønskjer seg inn i bokbransjen og litteraturfeltet.

 

Det vil vere mogleg å ha ein noko lågare stillingsprosent for å kunne kombinere med studium, om ønskjeleg.

 

Vi trur det vil vere lettast å lykkast i stillingane i marknadsavdelinga om du er utåtvend, er eit ja-menneske, tåler høgt tempo og å kaste deg ut i nye arbeidsoppgåver i tett samarbeid med oss. Utdanning innan marknadsføring og/eller litteratur vil vere perfekt, men vi er også opne for kandidatar med annan fag- og erfaringsbakgrunn.

 

Send CV og kortfatta søknad på nynorsk, der du gjer greie for motivasjonen for å søkje og kvifor du meiner du er rette personen for stillinga, innan 11.1.2021. Oppstart etter avtale.

 

Har du spørsmål til stillinga, ta kontakt med sals- og marknadssjef

Anne Liv Tresselt, a.tresselt@samlaget.no 90561322

 

Om forlaget:

Det Norske Samlaget er ei stifting som gir ut bøker på nynorsk: skjønnlitteratur for barn og vaksne, sakprosa og lærebøker til høgare utdanning. Forlaget gir ut om lag 100 nye titlar kvart år og har over 1100 titlar i sal. Forlaget har 25 tilsette. Årleg omsetning er på rundt 65 millionar kroner, og økonomien er god. Vi har fleksitid, sommartid og pensjons- og forsikringsordning. Lønn etter forlagets lønnssystem. Arbeidsspråket i forlaget er nynorsk.