(f. 1962) er forfattar og forlagskonsulent. Ho debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn, og har sidan gitt ut barnebøker, gjendiktingar, romanar og essay. I romandebuten, Eit anna eple (1992), skildrar Bildøen små, fantastiske ting i dagleglivet gjennom ei samling eventyrlege korttekstar. I Tvillingfeber (1998) møter vi Ida, som leitar etter sin tapte tvilling – i seg sjølv, i eit gammalt fotografi, i menn og onklar og venninner. For denne boka blei Bildøen tildelt både Osloprisen og Nynorsk litteraturpris i 1998. Tvillingfeber blei dessutan nominert til Brageprisen. I 2001 kom romanen Landfastlykke – ei bok Bildøen fekk både Melsomprisen og Sigmund Skard-stipendet for. Boka viser korleis bruer kan binde saman og endre både landskap, samfunn og menneske. Romanane Alt som er (2004) og Mitt milde vesen (2006) fekk begge strålande meldingar, og fleire plasserer no Bildøen blant våre fremste samtidsforfattarar. Bildøen har skrive fleire barnebøker og omsett bøker både for barn og vaksne. I 2009 gav ho ut essaysamlinga Litterær salong på sjølvaste kvinnedagen. Boka inneheld lesingar av m.a. Gertrude Stein, Halldis Moren Vesaas, Amalie Skram, Doris Lessing og Elfriede Jelinek og tek sikte på å oppmuntre kvinnelege skribentar og inspirere boklesarar av begge kjønn. Bildøen var festspeldiktar ved Dei nynorske festspela i 2000. Ho er utdanna bibliotekar, og har i tillegg studert sosiologi og gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Brit Bildøen er fødd i Ålesund og oppvaksen i Aukra i Møre og Romsdal. Ho bur no i Oslo.