Bodil Cappelen er biletkunstnar, fødd i Stavanger. Ho har budd i Kalvøsund i Arendal kommune i 20 år, og i Ulvik i Hardanger i 23 år. Flytta til Son i 1998 og bur framleis her. Cappelen er utdanna innan stofftrykk og grafikk på Statens Håndverks - og Kunstindustriskule i Oslo. I 1969 byrja ho med biletvev og arbeidde med det i 12 år. Etter fleire separatutstillingar av biletteppe, bl.a. i Kunstnernes Hus i Oslo 1981 søkte ho andre uttrykksformer og gjekk over til å skrive og teikne biletbøker for barn. Men det var måle ho ville. I 1991 hadde ho si fyrste separatutstilling av oljemåleri i Oslo. Siste utstilling var i 2006 på Tromsø museum : "70 illustrasjoner til samiske bildebøker." Hausten 2009 skal ho ha måleriutstilling i Moss Kunstforening. Illustrerte bøker: Norske barnerim og regler, Aschehoug (1984) ABC - Olav H. Hauge/ Bodil Cappelen. Samlaget (1986, 1987, 1995, 2008) Pingvinen Po - tekst og bilder, - nord-, sør-, lule-samisk og norsk. Davvi Girji (1993) Modige Marja - tekst og bilder, - nord-, sør-, lule-samisk og norsk. Davvi Girji (1994) Bilete og tekstar frå Det gamle testamentet. Norsk bokreidingslag (1993) (Bibelske tekstar omsett av Alexander Seippel, ill. med 15 måleri av B.C.) De løyerlige norske familier. Biletkortstokk. Damm (1993) Brev 1970-1975. Olav H. Hauge og Bodil Cappelen. Samlaget (1996) Guavza (Liten Bamse) tekst og bilder. Peikebok på sør-og lule-samisk. Davvi Girji (1998) Rødhette og Ulven. Biletbok nordsamisk og norsk. Davvi Girji (2001) Manndattera og Kjerringdattera med 20 helsides fargebilder. Davvi Girji (2005) Les meir om Bodil Cappelen på www.kik.no og sjå nettsida på www.bodilcappelen.no