(f. 1952) debuterte med novellesamlinga Bilen med det store hjertet i 1972. Han har sidan skrive romanar, noveller, dokumentarbøker, historiske bøker og barnebøker. Dei to romanane Synnøve (1991) og Asbjørn (1993) handlar om menneske i 1980-åras Noreg, mens Den første sidan Sigurd (2007) er noko så sjeldan som ei langnovelle, der ein ung mann kjem til småstaden Anger som ny journalist i avisa Angerposten. Boka blei omtala som velskriven, spennande, vakker og humoristisk. Forfang har også skrive fagbøker, deriblant Hundre år med et smelteverk. En beretning om livet i Kopperå (2000) og Kvinnene i gruvesamfunnet Løkken Verk (2004). Begge bøkene er historiske verk på rundt 300 sider bygde på eiga forsking kring industrimiljøet i Kopperå i Meråker og på Løkken Verk i Meldal. Han har òg omsett bøker frå engelsk. Forfang blei tildelt Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond i 1988. Han er i dag heiltidsforfattar og bur i Orkdal i Sør-Trøndelag.