(f. 1959) debuterte i 1983 med diktsamlinga Balladen om hålet i dørå, og har sidan gitt ut bøker for både barn, ungdom og vaksne. Han jobbar også som gjendiktar og låtskrivar. To viktige stikkord i forfattarskapen til Birkedal er kjærleik og musikk. Han har gjendikta britiske rocketekstar i titlar som Tenk deg (John Lennon), Brua før Widecombe og To veker sist sommar (britisk folkrock). Draum, popmusikk og mytar finst ofte i bøkene hans, men det mest særprega trekket ved diktinga er det kvardagslege, det nære og personlege. I tillegg til å skrive dikt- og prosabøker for vaksne har Birkedal markert seg som ein produktiv barne- og ungdomsbokforfattar og tekstforfattar for Vamp og Ryfylke Visegruppe. Han er utdanna adjunkt og er ein populær skrivekurslærar for ungdom. Birkedal fekk Samlagsprisen i 2007 og Teskjekjerringprisen i 2009. Han bur og arbeider i Stavanger.