(f. 1969) kjem frå Stranda og er ein av verdas største nynorsk-humoristar. Dette har han dokumentert gjennom ein lang karriere som forfattar, radioprogramleiar, avisspaltist og stå-opp-komikar. Dei populære bøkene hans er samla mellom tre permar i Greatest hits vol 1 – the early years (2003), Greatest hits vol 2 – the golden years (2004) og Greatest hits vol 3 – the travelling years (2009). Her er satiriske perler som m.a. Kunsten å vere neger, Bibelen 2, Syden og Våre venner kinesarane tilgjengeleg for lesarane i praktiske utgåver med bonusmateriell. Kalvø er utdanna cand.mag. med mellomfag i sosiologi og grunnfag i statsvitskap og kunsthistorie. Han har arbeidd fulltid med humor og satire sidan 1994, hovudsakleg som kåsør, tekstforfattar og programleiar i NRK, men òg som stå-opp-komikar, forfattar av satiriske bøker og fast spaltist i Arbeiderbladet/Dagsavisen sidan 1992. Han har fått fleire prisar, bl.a. Sigmund Skard-stipendet i 2001 og Kringkastingsprisen i 2005.