Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870) var forfattar, bladmann og jurist. Med djup forankring i det folkelege og brei interesse for kulturelle og politiske straumdrag i utlandet, hadde han eit perspektiv som både var lokalt og globalt. Vinje nytta fleire ulike sjangrar: dikt, forteljingar, essay, artiklar, kåseri, kommentarar og reiseskildringar.