Men mandarinane må vi få røva i kveld

Yoko Tawada |
Innbunden | ISBN: 9788252168129

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price290 kr

Poetisk prosa, draumetekstar, dikt. Uhyggelege, forunderlege, forheksande transformasjonar. Ei berøring framkallar eit bilete, og dette igjen eit anna – etter ein løyndomsfull, men likevel uimotståeleg logikk. Kroppar, byar, tekniske gjenstandar, planter, farger og mykje meir blir levande i tekstane til Yoko Tawada.

Yoko Tawada (f. 1960) har gitt ut over 20 bøker: dikt, korttekstar, forteljingar, essay, teaterstykke og høyrespel. Ho skriv på tysk og japansk og har mottatt ei rekkje prisar i både Japan og Tyskland. I 1993 fekk ho den viktigaste japanske litteraturprisen ”Akutagawa-Sho” for forteljinga ”Hundebrudgommen”.

Dette er den første boka av Yoko Tawada på norsk, og det er Geir Pollen som står for gjendiktinga.

Arild Vange har skrive etterordet.

Yoko Tawada

Du likar kanskje desse

Sist sett på