Vetle Opedal (f. 1997) er frå Oslo, og er i det daglege elev ved Smestad skule. Flekkmonsteret bygger harefelle er hans debut som forfattar, men han har planar om å gje ut langt fleire bøker. Ideane er der, men han har endå ikkje klart å overtale far sin til å skrive dei ut. Interessene hans er dataspel, sjakk, teltturar, treklatring, TV og elles alt som smakar av moro og godteri.
Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO