Eit ungt par er på reise gjennom Europa, med eit ubearbeidd traume i bagasjen. Ei mor tar med ungane sine på fjelltur og finn ein rotnande rådyrkalv framfor hyttedøra. Ei jente gjer alt for å få stupetrenaren til å sjå på henne, men utan at stefaren skal vite om det.
Personane i Ingrid Senjes noveller står på kanten av høge stup, midt i den vanlege kvardagen. I situasjonar der avstanden mellom den dei er og den dei vil vere, er på sitt aller største, utfører dei handlingar like irrasjonelle som dei kjennest nødvendige.
Ingrid Senje (f. 1987) er fødd i Oslo og busett i Milano. Ho har studert ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og har tidlegare publisert tekstar i Signaler 2018 og i novelleantologien Ingenmannsland.
Sitat frå melding
["«Solide litterære stup [...] Gode noveller der noko står på spel [...] Senje skaper kvardagsinnblikk som overtyder
skildringar av situasjonar som er enkle nok til å appellera vidt og djupe nok til at noko set seg fast og gjer inntrykk» - Sofie Braut
Stavanger Aftenblad "
"«Senje skriver skarpsindige noveller om sårbarhet .[...] I alle disse tekstene står noe på spill [...] gir leseren følelsen av et stort og litt hemmelig rom rundt det som beskrives [...] det (er) evigaktuelle
vesentlige temaer Ingrid Senje her berører
med skarpsindighet og god språkfølelse [...]. Det er en spennende og lovende startbok Ingrid Senje har levert» - Janneken Øverland
Klassekampen "
"«Stupeteknikk sender tankene mot Marie Auberts brakdebut fra 2016. [.] De tar begge for seg livets små
avgjørende øyeblikk
er følsomme for de små nyansene i samspill mellom mennesker viser alvoret i dem. Dette er god og klassisk novellekunst.» - Ida Vågsether
Morgenbladet "]
Bla-i-boka
Ingrid Senje
(f. 1987) er fødd i Oslo og busett i Milano. Ho har studert ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og har tidlegare publisert tekstar i Signaler 2018 og i novelleantologien Ingenmannsland.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO