Entusiasme og raseri: artiklar om fotball
Entusiasme og raseri er ei samling av Nils Henrik Smiths beste tekstar om fotball. Her får du glitrande essay og artiklar om alt frå den geniale Erik «Myggen» Mykland, PostNord-oppgjeret mellom Fredrikstad og Moss i 2018 til hylling av det levande oppslagsverket Arne Scheie. Boka inneheld òg eit nyskrive essay om EM 2020, som på grunn av korona blir arrangert juni 2021.
Nils Henrik Smith kombinerer fotballfagleg analyse med historisk medvit, humor og ein unik stil.
Nils Henrik Smith (f. 1980) er skribent og
romanforfattar. Han har vunne Tarjei Vesaas'
debutantpris og blei utnemnd som ein av Noregs ti
mest lovande forfattarar av Morgenbladet i 2015.
Han har skrive om fotball for Josimar og NRK.
Nils Henrik Smith
Litterære prisar
Rogaland Mållags målpris
For Manhattan skyline og Austerrike
Tarjei Vesaas' debutantpris
For Manhattan skyline
Kåra til ein av dei ti beste norske forfattararane under 35 år i 2015
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO