Vindmøllekampen: historia om eit folkeopprør
Anders Totland har reist land og strand rundt for å forstå kva i alle dagar det er som skjer. Han tar oss blant anna med til Trøndelag og den store, nasjonale mobiliseringa på Frøya, til starten på organisasjonen Motvind, til Sognefjorden der lokalpolitikarane kjempar iherdig mot utbyggingskåte selskap, og til Andøya der vindkraftmotstandarane har sigra. Totland viser korleis storpolitikken utspelar seg dag for dag, med stadig fleire kritiske blikk på vindkraftutbygginga. Men aller mest opptatt er han av menneska. Kva er det som får dei til å reisa seg til kamp? Kva er det som triggar og driv og får elden til å spreia seg frå sjel til sjel, og folk til å halda ut - år etter år?
Anders Totland (f. 1986) er busett på Valen i Sunnhordland. Han er utdanna samfunnsvitar og har skrive ei rekke bøker i ulike sjangrar dei siste åra, også tre sakprosabøker for ungdom. Totland har ti års røynsle som journalist i Haugesunds Avis,
Kvinnheringen og Sunnhordland.
Sitat frå melding
["«\"Totland møter menneska med ope sinn. Ei grunnleggjande sympatisk innstilling til det folkelege engasjementet vekslar med kritiske blikk på tendensane til ekstremisme og konspirasjonstenking
som også finst. Og undervegs merkar lesaren ei uro over dei harde frontane
polariseringa og mistilliten som har vakse fram
og som kan bli eit demokratisk problem.\" Tom Hetland
Stavanger Aftenblad» - Tom Hetland
Stavanger Aftenblad "
"«\"Anders Totland har skrive boka som gjer at du endeleg forstår vindmølledebatten. \" Magnus Rotevatn
Framtida.no» - Magnus Rotevatn
Framtida.no "
"«\"Vi treng bøker som denne
som kan dukke ned i litt uforklarlege fenomen som oppstår
forklarar dei med innestemme og gir eit nært portrett av dei som stiller seg i vegen for anleggsmaskiner
dumparar og lastebilar lasta med vindturbinar. Anders Totland er ein solid sakprosaforfattar som handterer denne oppgåva veldig godt
og boka hans om vindkraftmotstandarane er viktig lesnad.\" Emil Erstad
Vårt Land» - Emil Erstad
Vårt Land "
"«\"Opplysende om hvordan vindkraft-rapport ble blåst ut av proporsjoner og skapte full storm Dette er boken for alle som finner vindkraftdebatten merkelig og rar
og et hederlig forsøk på å nyansere en polarisert debatt.\" Gro Jørstad Nilsen
Bergens Tidende» - Gro Jørstad Nilsen
Bergens Tidende "]
Anders Totland
Anders Totland (f. 1986) er oppvaksen på Bømlo og held til på Valen i Kvinnherad. Sidan 2015 har han gitt ut ei rekkje barne- og ungdomsbøker i fleire sjangrar. Fleire av bøkene er selde til utlandet, og i 2017 fekk han tildelt Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen Engel i snøen. I 2021 gav han ut sakprosaboka Vindmøllekampen – Historia om eit folkeopprør. Til jord skal du bli er hans andre roman for vaksne.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO