Seglet og dansen

Torvald Sund |
Innbunden | ISBN: 9788252150919

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price350 kr

Eg veit ikkje om det er sant, men det seies at den dagen Reinert Yttersia kom til Stjørna, rodde han basbåten så fort at han flaug til himmels.

Slik byrjar Torvald Sunds første vaksenroman, som kom ut på Det Norske Samlaget hausten 1999. Handlinga i romanen er henta frå i tida under og like etter den første verdskrigen, med den vesle staden Stjørna på Trøndelagskysten og nokre av innbyggjarane der som sentrum. Dei sentrale personane er Dordi og Reinert, som elskar kvarandre høgt. Lesaren får vere med på det farefulle havet, til Trondheim og Færøyane, på arbeid og fest, og opplever utruskap, forlis, sjukdom og død. Med stor forteljarevne har forfattaren skrive ein roman som held lesaren fanga.

Ein historisk roman, full av magisk realisme, burlesk humor og brennande kjærleik.

Torvald Sund

Du likar kanskje desse

Sist sett på