Blant bygdedyr og vestkantkrokodiller

Tor Jonsson |
Innbunden | ISBN: 9788252155808

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price250 kr
Han vrengde sjela si

Dei voldsomme spenningane i dikt og artiklar, er hos Tor Jonsson (1916-1951) knytte til hans dramatiske og tragiske liv. I dikta står livslyst mot dødslengt, medan han som journalist står fram som ein sosialt engasjert skribent med kvasse åtak på urett og undertrykking, og ofte med brodd mot idyllisering av bygdesamfunnet.

Ingar Sletten Kolloen, forfattaren bak boksuksessen, Berre kjærleik og død. Ein biografi om Tor Jonsson, har i dette utvalet henta fram avisartiklar, essay, noveller, petitar og andre døme på Tor Jonssons meisterlege skrivekunst.

Tre tema går stadig att: fredssak i vidaste meining, falske ideal og idealistar, den falske lovprisinga av livet i bygdenorge. Spaltene i Dagbladet, Arbeiderbladet, Bygdeungdommen, Arbeidermagasinet og Kvinnen og Tiden stod vidopne for han, og han skreiv alltid mot den rådande meiningsstraumen. Politisk ukorrekt og i utakt med såvel dei urban-akademiske radikalarane på Blom, Grand eller Theatercafeen, som med nynorskintelligentsiaen på Kaffistova.

Jonsson-biografen Kolloen har framfor kvart av prosastykka forklart bakgrunnene og samanhengen dei var skrivne i. Og i eit perspektivrikt forord får han også fram kvifor mange av dei beiskaste stykka dessverre er høgst aktuelle også i våre dagar.

For med Tor Jonsson er det slik at han både i dikt og prosa vrengde sjela si for at vi kunne sjå oss sjølve litt betre.

Ingar Sletten Kolloen

Fødd 1951 i Gudbrandsdalen, har allsidig pressekarriere som journalist i ymse aviser, spaltist, kommentator, dagleg leiar for Aftenpostens kulturredaksjon og sjefredaktør i Dagningen.

Er ny redaktør med ansvar for kultur og politikk i avisa Gudbrandsdølen Dagningen.

Har redigert fleire bøker.I 1999 gav han ut kritikar- og salssuksessen Berre kjærleik og død. Ein biografi om Tor Jonsson.441 sider, rikt illustrert på Det Norske Samlaget.

Biografien er komen i 3. opplag, vart Bragenominert og var den mest medieomtalte boka hausten 1999.

Tor Jonsson

Du likar kanskje desse

Sist sett på