Ocean Vuong (f. 1988) er fødd i Vietnam og oppvaksen i USA. Han var den første i familien sin som lærte å lese. Han er poet, romanforfattar og essayist og har motteke ei rekkje prisar, mellom anna Whiting Award 2016 og T.S. Eliot Prize 2017.
Vuong har blitt omsett til ei rekkje språk og har tydeleg treft noko hos lesarar over heile verda. Dei to bøkene færste bøkene hans, Natthimmel med kulehòl (Samlaget, 2019) og På jorda er vi glimtvis vakre (Pelikanen, 2019), handlar om oppveksten som skeiv, fattig, asiatisk-amerikansk og korleis vegen hans til å bli forfattar har vore. Ocean Vuong har ei eiga evne til å skildre det vanskelege og vonde med slåande skjønnheit og innsikt. Tida er ei mor er Vuongs nyaste utgiving.