Vi, dei fattige: åtte forteljingar om barnefattigdom

Maria Lavik |
E-bøker | Sidetal: 153 | ISBN: 9788234006333

Pris:
translation missing: nn.product.general.sale_price188,00 kr translation missing: nn.product.general.regular_price215,00 kr

Skildring

Åtte forteljingar om barnefattigdom

Andrea ligg vaken om natta og er redd for at mamma skal døy. Elias ser pappa klikka på dopseljarane som heng utanfor blokka der dei bur. Georg opnar vindauget, det er midt på natta og han vil rømma heimanfrå.

Andrea, Elias og Georg har ein ting til felles: Dei er blant dei rundt 111 000 barna som veks
opp under fattigdomsgrensa i Noreg. To til tre barn i ein vanleg skuleklasse er fattige. Sidan
2001 er delen fattige barn meir enn tredobla. Korleis opplever ein fattigdom i verdas rikaste land?

Folka du møter i boka, er åleineforeldre og folk med innvandrarbakgrunn - familiar som statistisk sett er særleg utsette for fattigdom. Dei fortel om den evige kampen for å mildna konsekvensane av fattigdom i eit land prega av overflod. Dette handlar om barna som bur trongare og i dårlegare husvêre, og som er meir utsette både for fysiske og psykiske sjukdommar.

Foreldra må på si side leva med kjensla av at dei ikkje klarer å gje barna det dei treng. Erfaringane til desse familiane er ofte usynlege. Perspektivet deira manglar på foreldremøta som konkluderer med at 100 kroner er ein passande minstesum for presangar i barnebursdag. Forteljingane deira manglar når politikarane får gjennom kutt i trygda for å gjera det meir attraktivt å arbeida. Dei er fråverande når samfunnet blir bygd opp rundt kjernefamiliar med råd til å eiga eigen bustad. Dette er historiene deira.

Maria Lavik (f. 1984) kjem frå Eksingedalen, men er busett i Oslo. Lavik er journalist og har blant anna arbeidd i Klassekampen og NRK. No er ho tilsett i Vårt Land.

Sitat frå melding

Bla-i-boka

Maria Lavik

Betaling og personvern

American Express Apple Pay Klarna Mastercard Visa

Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.

Du liker kanskje også

Sist sett på