Gamle menn i syningom: roman

Arnfinn Kolerud |
E-bøker | Sidetal: 284 | ISBN: 9788234004889

Pris:
translation missing: nn.product.general.sale_price188,00 kr translation missing: nn.product.general.regular_price215,00 kr

Skildring

Vi er i ei nær framtid, og berre ein siste, liten, trassig landsby i nordvest klamrar seg til nynorsken.

Ungdomen i Vassbygda tar likevel high five når dei møtest , og dei har ingenting i mot å chille med slush og fluffy cupcakes og flip-flops to go. Men brått vaiar eit dansk flagg over slottet i hovudstaden - og ein fornærma konge sjokkerer med å gi eit intervju på nynorsk. Bendik Uføre og Enella Frø må reise til hovudstaden for å sjå kva som skjer. Er dette den store sjansen deira til å gjere nynorsken in igjen?

Samtidig får steinkunstnaren Ragnar Åheim eit nynorsk berg til å opne seg, og da skal vel også dører opne seg og hjarta opne seg og draumen opne seg, slik at nynorskingane kan glida inn på ein våg dei ikkje har visst um?

Gamle menn i syningom er ein roman som går all in i den norske språkstriden.

Arnfinn Kolerud (f. 1968) kjem frå Isfjorden i
Romsdal. Han debuterte i 1996 og har seinare skrive bøker for både barn, unge og vaksne. Den som ikkje har gøymt seg no (2004) har blitt samanlikna med oppvekstskildringane til Tarjei Vesaas, og for boka fekk Kolerud mellom anna Kritikarprisen og Nynorsk barnelitteraturpris. Gamle menn i syningom er tredje og siste bok i trilogien om Vassbygda og fortel vidare om språkstriden frå Når ein først skal skyte nokon (2010) og Kom ikkje inn i mitt hus (2012).

Sitat frå melding

Arnfinn Kolerud

Betaling og personvern

American Express Apple Pay Klarna Mastercard Visa

Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.

Du liker kanskje også

Sist sett på