Bomullsengelen: roman

Susanna Alakoski |
Innbunden | Sidetal: 507 | ISBN: 9788234009938

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price429 kr
Rikt storverk om kvinneliv gjennom fire generasjonar.

Hilda blir fødd i 1905 og veks opp på garden Sorola i Österbotten, i ei tid der Finland er prega av uår og krig. Mor fekk stiresjuka etter fødselen og er bortanfor alt. Far er i Amerika. Men Hilda er ikkje einsam, ho har katten Kisuli og eldgamle, gudfryktige Sanna-täti, som tar hand om alt.

Då Hilda blir større, hamnar ho i ulykka og må reise frå tryggleiken heime for å gå i teneste på ein annan gard. Det er tungt arbeid frå morgon til kveld, fritid kan ho sjå langt etter, og ho kjenner arbeidet på kroppen sjølv om ho enno ikkje er fylt tjue. På garden er også Helli, som blir hennar beste ven. Helli forstår ikkje kvifor nokon må slite så hardt for andre, og tar med seg Hilda til Vasa, til den store byen med den oransjefarga bomullsfabrikken og ein lovnad om eit anna liv.

«Bomullsengelen» er første bok i ein kraftfull kvartett om kvinners liv, arbeid og lengt i Finland og Sverige på nittenhundretalet. Ei forteljing om krig og fred, kjærleik og venskap, der kvardagsliv og verdspolitikk er trådar i same veven.

Boka er omsett av Runa Kvalsund.

Sitat frå melding

Bla-i-boka

Susanna Alakoski

Du likar kanskje desse

Sist sett på