Frå undersått til medborgar: styreform og politisk kultur i Noreg 1660 til 1884

Knut Dørum |
Hefta | Sidetal: 220 | ISBN: 9788252184624

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price389 kr
I perioden frå 1660 til 1884 gjekk styreforma i Noreg frå einevelde til aukande grad av folkestyre. Hendingane i 1814 bidrog sjølvsagt til dette, men kor viktig var eigentleg 1814 i utviklinga av det folkestyret som blei knesett med parlamentarismen i 1884? Var det element av folkeleg politisk medverknad også i einevaldstida? Og blei autoritære trekka vidareførte også etter 1814?

I denne boka gir Knut Dørum eit oversyn over endringar i styreform og politisk kultur i tidsrommet 1660 til 1884, der endringane knytte til året 1814 er sentrale. Når det gjeld
folkeleg politisk kultur og demokratisering, har mykje ny kunnskap komme fram i samband med fleire større forskingsprosjekt på 1814 og demokrati. Samla sett har ein i desse forskingsprosjekta fått fram ei større breidde og variasjon i den folkelege politiske kulturen enn tidlegare antatt, og då særleg for tida før 1814. Slik blir denne boka også ei oppsummering av den nyaste forskinga på dette feltet.

Bla-i-boka

Knut Dørum

Du likar kanskje desse

Sist sett på