Solveig M. Tjeltveit debuterer med ei original diktsamling der Gnu er den sentrale gjennomgangsfiguren.
Noo er swahili for gnu. Noo er Gnu sin lyd. Stemma i boka endrar seg mellom dikta, den er rytmisk og syngande og kan ta bustad i kva og kven som helst. I denne ville skogen bur både Gnu, Gud og jente _x0096_ og over himmelen fyk ein gut.
Her eksisterer ulike mytologiar side om side, figurar skiftar form, lammet leikar ved sida av løva og mangroven veks under bjørka. Dikta er overraskande og temperamentsfulle, og fulle av latter og gråt.
Meldingar
"Krevende, galopperende og performativ poesidebut om mennesker og dyr, for mennesker og dyr [...] Diktene tar på seg ulike kropper hele veien, og forblir gjennom hele samlingen stedet der det tenkes og føles og jeg tror de også må overlates til leserens kropp, pust og rytme, for denne samlingen insisterer på å oppheve skillet mellom språk og kropp. Den lykkes der mening, assosiasjon og overraskelser finner balansen sammen."
Mari Nymoen Nilsen , www.littkritikk.no
«Solveig Mette Tjeltveit er ein overtydande sprelsk diktdebutant med konsist språk og høgt oppdriven biletskaping.... eit overskotsfenomen i den nye norske poesien. Og med suveren tillit til at alt er mogeleg og alt er tillate så lenge det altså stimulerer lesarens syn og høyrsle, opnar og reinsar sansane våre».
Knut Ødegård , Vårt Land
Solveig Mette Tjeltveit
(f. 1969) bur i Bergen og er utdanna gartnar. I tillegg har ho litteratur-, skrivekunst-, kunsthistorie- og psykologistudium bak seg. Noo gode Gnu er den første boka hennar.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO