Last ned omslag

Bla-i-boka

Vintertonar

Anders Totland

Kan ein reparere ein knust familie?

Eg ville fortelje mor si historie, vår historie. Men det blei for nært, for uforståeleg. Alt det svarte og kvite eg trudde eg skulle ta tak i, flaut meir og meir saman til utydelege gråtonar for kvar side eg las i bøkene. Kven var ho eigentleg?

Ein urovekkjande telefonsamtale driv Isak til å vende tilbake til bygda han vaks opp i, ein stad han for lengst trudde han hadde lagt bak seg. I møte med sin døyande far og søstera han aldri blir klok på, prøver han å komme nærmare si eiga historie: finne svar på kva som eigentleg skjedde med mora, og kven som har svike kven. Vintertonar er ei historie om sanning, løgn og løyndommar og om stilla som høyrer heime imellom.

Frå Bokmeldingar


Anders Totland har laga eit kammerspel der vi alle les mellom linjene og han slepp å fortelje oss at vi skal gjere det. Forteljinga held og held tilbake, mens lesaren heile tida kjenner seg klok og ivrig til å kome seg vidare, til å hjelp Isak, systera Rakel og faren saman, om det så er for ein siste gong. Vintertonar er ein sterk søknad om å bli hugsa langt ut over bokhausten.
Vidar Kvalshaug, BOK365⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀

Vintertonar er ei lågmælt, sterk og tankevekkjande bok. Nåtida er konkret sansa og kjenslevart formidla i eit presist og levande språk. Boka viser at folk har heilt ulike minne av same fortid, og opnar opp eit mangfald av såra livserfaringar, men er heilt utan bastante svar.
Helge Torvund

Tårene renner - les! En perle av ei bok - ei bok du ikkje glemmer
Ine Bertelsen, Litteraturformidlar
⠀⠀

Velskrevet, lettlest og med så mange spørsmål at man hele tiden vil lese neste kapittel. Beste av alt, boken og spørsmålene den etterlater seg lever videre i tankene etter man er ferdig. Takk for lesegleden Anders Totland."⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Roy Steffensen, stortingsrepresentant ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Har hatt gleda av å ha «Vintertonar» av Anders Totland som reisefylgje dei siste dagane i valkampen. Ei lita perle av ein roman. Ei historie der Isak søkjer seg attende til barndomsheimen. Det er vel verdt å følgja han på den reisa for å finna svar og sanning.
Knut Arild Hareide, stortingsrepresentant

Ei litterær perle. Ei vondgod bok som tvingar ein til å dikte med, lure, undrast. Fordi han på mesterleg vis klarer å halde att. Ikkje avsløre alt. Sluttkapittela er så gripande at denne lesaren leste og tørka tårer. Nydeleg lesnad.
Jarl Waage, Dagbladet-spaltist⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀



Meir frå Anders Totland