Last ned omslag

Bla-i-boka

Puslingar

Atle Berge

Drivande roman om ei av dei mest dramatiske hendingane i Noreg i 1980-åra

Året er 1980. I Nordsjøen har bustad- plattforma Alexander L. Kielland kantra,
og heime i Nordhordland sit familien til oljearbeidaren Jonny og ventar på at telefonen skal ringje.

Vi følgjer tenåringsjenta Marita vidare i livet, gjennom forelsking og opprør og i draumen om å bli oljeingeniør. Med seg har ho eit brennande ønske om å finne svar på kva som gjorde at Kielland velta. Skal ikkje nokon stillast til ansvar for at 123 oljearbeidarar mista livet på jobb?
«Puslingar» gir innblikk i ungdomstid og framtidsdraumar prega av ei av dei mest dramatiske hendingane i Noreg i 1980-åra.

Frå Bokmeldingar

Terning 5 Med Marita har Atle Berge skapt eit portrett av ei beintøff ungjente, «modig, open, omtenksam», som skrive står, i kontrast til kjerneverdiane i lokalsamfunnet omkring henne. Jan Askelund, Stavanger Aftenblad

«Jeg har akkurat lest siste side i en ekte oljeroman. Atle Berges "Puslingar" foregår i skyggen av Alexander Kielland ulykka, på strilalandet ikke langt fra Mongstad. I denne boka er ikke olja og Nordsjøen en kulisse, boka lever og puster med oljeungen Marita som mista faren i ulykka og vil bli ingeniør. I denne boka er de som leser bøker om filosofi og romaner fra bokklubben de fremmede, mens de som kan betjene et hydraulisk styringsystem er de trygge. Og så er det ei skikkelig god bok.» Aslak Sira Myhre

«Puslingar er ein spennande roman om livet etter den store ulukka ... ein vellukka oppvekstroman og tidskapsel, men ho er også meir enn det, sidan Marita gjer alt ho kan for å finna ut kva det eigentleg var som skjedde i Nordsjøen den marsnatta i 1980 ... Romanen peikar på mange interessante moment og detaljar kring og i samanheng med ulukka, poeng som kan vera mellom årsakene til at hendinga har så liten plass i det nasjonale medvitet. Nokon ville gjerne ha det slik. Marita finn mange opplysningar som skulle ha vorte drøfta betre, og me får tru at dei ein dag får slik oppfølging dei fortener, kan hende med romanen Puslingar som utgangspunkt.» Odd W. Surén, Dag og Tid



Meir frå Atle Berge