Natthimmel med kulehòl

Ocean Vuong

Litterær sensasjon med familietraume frå Vietnamkrigen

Denne boka har blitt ein litterær sensasjon i USA. Vuong blir samanlikna med dei verkeleg store i den engelskspråklege litteraturen, som Emily Dickinson og William Shakespeare.
I dikta til Ocean Vuong blir det svært intime stadig sett opp imot historiske hendingar. I etterdønningane frå Vietnamkrigen skildrar Vuong sorg, vald, krig og overgrep med eit mjukt landskap av poetiske bilete. Det er dikt som gjennom rytme og driv demonstrerer korleis ei varleg hand på eit bryst kan stille sjølv den sterkaste lysta.

Forord av John Freeman. Gjendikting og etterord ved Mathias R. Samuelsen.


ISBN: 9788252197617

Kategoriar: Kommande bøker, Lyrikk, drama og essay, Skjønnlitteratur

Emneknagg:

Sjanger: lyrikk, drama og essay


Meir frå Ocean Vuong