Mørk sommar

Ragnar Hovland
Innbunden | ISBN: 9788252195347

Pris:
translation missing: nn.product.general.sale_price379,00 kr

Skildring

Historikaren Matteus Olstad vaknar av at politiet bankar på døra. Den nærmaste naboen hans, Olivia Havnen, er blitt drepen i løpet av natta, kvelt i si eiga seng. Same dag dukkar Sofia, den ti år gamle niesa hans, opp, for å bu hos han i sommarferien. Medan politiet arbeider med mordsaka, strevar Olstad med å få ferdig den definitive bygdeboka om Nes kommune. Han kjenner seg stadig meir sentral blant mange mistenkte, men den oppvakte og nysgjerrige niesa vil gjerne hjelpe til med å oppklare mordet. Mysteria i bygda blir djupare og djupare, og i bakgrunnen ligg den skremmande skogen, der det blir sagt at den mytiske Ulvika-mannen streifar rundt.

Mørk sommar er ei underhaldande mordgåte, full av merkverdige hendingar, eit fargerikt persongalleri og scener og dialogar i klassisk Hovland-stil.

Ragnar Hovland

Betaling og personvern

American Express Apple Pay Klarna Mastercard Visa

Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.

Du liker kanskje også

Sist sett på