Last ned omslag

Bla-i-boka

Miklastaur

Mads Rage

Ellevill soge med alvorleg undertone

Emmanuel Miklastaur kjem til verda i ei altfor lita bygd og med eit altfor stort problem: Han er så velutstyrt frå naturen si side at mor hans blir riven i hel under fødselen. Kort tid etter døyr faren av sorg, og Emmanuel veks opp hos dei livstrøytte besteforeldra sine med ein drikkfeldig hest til bestevenn. Sidan han er flau over skavanken sin, nyttar han fritida til å streife omkring for seg sjølv medan han fører inn opplevingane sine i kladdebøker. At han kjem til å utrette noko i livet, finst det ikkje ei sjel i bygda som har tru på. Men det skal han. Det liknar berre ikkje noko dei har sett før.

«Miklastaur» er ein burlesk roman om sosial utstøyting og konsekvensane som følgjer, om å slitast mellom krav frå omgivnadene og trongen til å følgje sine eigne kjensler, kvar enn det måtte bere.

Frå Bokmeldingar

Terning 5«Intelligent og veldreid, absurd og burlesk om utstøting, ensomhet og utenforskap. [...] Rage skriver et friskt og frodig nynorsk fullt av snåle formuleringer, snodig metaforikk og spenstige setninger, fantasirikt og overskuddspreget, åpenbart drevet av skriveglede.»
Sigmund Jensen, Stavanger Aftenblad

«... en kuriøs og pussig, men også sår og vond, fortelling [...] Miklastaur viser hvordan det å bli tvunget til å fylle dagene med egne tanker, kan skape en farlig avstand til den virkelige verdenen. Den som ikke blir behandla som folk, slutter også å føle seg som det.»
Karoline Henanger, Klassekampen



Meir frå Mads Rage