Merkur

Ariana Reines

Rå dikt om det omskiftelege i eksistensen

Merkur er guden for handel, marknad og rikdom i romersk mytologi. Han er også bodbringar mellom gudane og menneska si verd, ein trickster, på gresk kalla Hermes. På same måte er kvikksølv – mercury på engelsk – omskifteleg: eit grunnstoff som kan danne amalgam og, ifølgje alkymien, gull. Kvikksølv representerer ånda, det kvinnelege og det flytande. Dette er utgangspunktet for den amerikanske poeten Ariana Reines si tredje av i alt fire diktsamlingar.
I ein vekselvis gåtefull og direkte stil krinsar det lyriske eg-et rundt tema som skjønnheit, liding og det ustabile, og dekonstruerer dikotomien mellom det heilage og det verdslege. Med hjelp av eit metaforregister henta frå alkymien og astronomien blir religiøs og spirituell søking blanda saman med dragninga mot suksess og konsum under kapitalismen, i ei åndeleg drift etter å endre grunndelane i mennesket – å støype om frå bly til gull.

Gjendikta av Anna Kleiva.


ISBN: 9788252190359

Kategoriar: Ariana Reines, Kommande bøker, Lyrikk, drama og essay, Skjønnlitteratur

Emneknagg:

Sjanger: lyrikk, drama og essay


Meir frå Ariana Reines