Mellom krig

Kaisa Aglen |
E-bøker | Sidetal: 76 | ISBN: 9788252190922

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price329 kr
Tekstene i Kaisa Aglens andre diktutgiving kretsar kring krig, språk og avstand. Vi rører oss i landskap som stadig trekk seg unna blikket som ser, og der vi stadig må skifte perspektiv. Noko har skjedd, kjem til å skje, burde ikkje skje, men skjer likevel. Kven har ansvar? Korleis leve med skuldkjensle og maktesløyse, korleis vere heime i verda i møte med det vonde? Aglen lar ulike geografiar og språksfærer smelte saman i ein tekst prega av sterkt poetisk gehør, eit presist blikk og gjennomført rytmesans.

Kaisa Aglen (f. 1985) er frå Volda. Ho bur i Trondheim, der ho har studert filosofi. Ho debuterte i 2012 med diktboka Kvar i kroppen sit ingenting.

Kaisa Aglen

Du likar kanskje desse

Sist sett på