Last ned omslag

Bla-i-boka

Kvelande kjærleik

Elena Ferrante | Kristin Sørsdal | Kristin Sørsdal

Rå og intens Napoliroman!

Delias mor blir funnen død, flytande i sjøen, berre ikledd raffinert undertøy. Delia reiser tilbake til heimbyen Napoli i gravferda. Her mottek ho ei rekkje anonyme telefonoppringingar, som saman med mystiske hendingar fører til at ho må rekonstruere dei siste dagane mora levde. For kvar nye oppdaging må Delia ta innover seg at mora ikkje var den personen ho har trudd.

Elena Ferrante er av The New York Times omtalt som ”ein av dei største romanforfattarane i vår tid”. Dei kraftfulle romanane har gripe lesarar over heile verda. Kvelande kjærleik er Ferrantes første roman, og allereie her tematiserer ho forholdet mellom mor og dotter, slik vi kjenner det frå Napoli-kvartetten.

Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.

Frå Bokmeldingar

En liten flis av en roman, men så innholdssterk at leseren sitter overrasket og rystet igjen og ønsker mer. ...
Romanens beskrivelse av det spente og vanskelige forholdet mellom mor og datter er tett og intens lesning, hatefylt, komplisert og også kjærlighetsfylt. Romanen har et forrykende tempo, med skarpt tegnede scener, stram regi, nesten visuelle skildringer av lukter - her bringes leseren med mange sanser nesten fysisk inn i Napolis oppganger og kjellere og slitte boliger. ...
Det er raffinert gjort. Les!
Guri Hjeltnes, VG

Terning 5 Det handler om avkommets evige famling for å forstå opphavets begjær og raseri. ... I tiden vi nå lever i, da trakassering og krenkelser blir endevendt og studert, er det ekstra givende å lese Ferrantes studie av den uklare, skitne undersiden av menneskenes samliv.
Marius Wulfsberg, Dagbladet

Elena Ferrantes forfatterskap er uten svake punkter.
Anne Merethe K. Prinos, Aftenposten

Kvelande kjærleik er skriven i eit språk som putrar og boblar og ikkje minst luktar og dunstar, fylt som det er av eim og stank. Sørsdal ivaretek dette meisterleg – ein kan kjenne luktene sjølv, av mugg og søppel og parfyme og røyk, solvarma eller regnkjølt i eit rotete og trafikkfylt Napoli. ...

Kvelande kjærleik er eit intenst åtak på sansene. Ei slank bok, men rik.
Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen

Elena Ferrante kan kunsten å gi nyanser til det kompliserte forholdet mellom kjærlighet og eiesyke, og romanen vitner om at talentet hennes allerede viste seg i debuten.
Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende




Meir frå Elena Ferrante