Last ned omslag

Bla-i-boka

Krapyl

Arild Rein

I denne prosasamlinga følgjer vi ein gut i gata og området han veks opp i, og observasjonane han gjer seg. Blikket hans er retta mot den til dels skremmande og uforståelege vaksenverda, representert ved dei eldre gutane, naboar, foreldre, tanter og onklar og besteforeldre.

Situasjonane er både skeive, humoristiske og smått absurde. Det handlar om fotballspeling, om å lære å sykle, om ein far som var bakar, om å vere avisbod om natta, men også om å tenne på gras, om steinkrig, om korleis ein skaffar seg gratis pengar, og om det å sykle til byen for å stele og køyre heis.

Frå Bokmeldingar

Terning 5 [Arild Rein] held med Krapyl fram sin spesielle, sære og stadspesifikke forfatterskap. Denne gongen gjer han det heilt frå skjønnlitteraturens nullpunkt ... Krapyl er jordnær, varm og aksepterande.
Jan Askelund, Stavanger Aftenblad


ISBN: 9788252194876

Kategoriar: Alle bøker, Arild Rein, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2017, Maisal, Nyheit,

Sjanger: Romanar og noveller



Meir frå Arild Rein