Last ned omslag

Bla-i-boka

Kommunion 2017

Leif Høghaug

Tale om fellesskapen i vår tid

Hundre år etter den russiske revolusjonen og fem hundre år etter reformasjonen oppstår ein diktarleg tale om fråvær av fellesskap i vår tid. Er fellesskapen død? Og om så er: Er det mogleg å vekkje han opp? Leif Høghaugs andre diktbok utforskar ein idé om korleis fortidas messianisme kan verke i notida for å skape ei ny framtid.

Kommunion 2017 blir til i spennet mellom lyrikk og prosa, elegi og humor, dialekt og skriftspråk, og som heilskap framstår det som ein samtale med ei rad messianske forfattarar: Marx, Luther, Dante, Shakespeare, Lenin, Hölderlin, Yeats, Joyce …

Frå Bokmeldingar

Leif Høghaugs dikt har sin styrke på detaljnivå, fulle av oppfinnsomme formuleringer, fullstablet av litterære og filosofiske referanser og sitater.
Freddy Fjellheim, Vårt Land

Å lesa Leif Høghaugs Kommunion 2017 er som å lesa Ulysses av James Joyce. Du kjem inn i eit labyrintisk verk der perspektivet heile tida byter. ... Det er ei spennande bok han har skrive, Leif Høghaug. Ikkje lyrisk, det er meir ein tankemaskin enn eit musikalsk stykke ein møter. Akkurat som hos Joyce, tenker eg meg. Styrkane og veikskapane er dei same. Og det seier ikkje lite.
Hadle Oftedal Andersen, Klassekampen


ISBN: 9788252194913

Kategoriar: Alle bøker, Leif Høghaug, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2017, Maisal, Nyheit,

Sjanger: Lyrikk, drama og essay



Meir frå Leif Høghaug