Den tid, den song

Siri Økland

Vare dikt om å finne sin plass i tilværet

I si første diktsamling skriv Siri Økland om dei små observasjonane og vedundera i kvardagen, men ho lèt også dei store linjene mellom generasjonane tre fram. Med eit
nært blikk på slekta både før og etter henne skriv ho fram ein idyll der eit mørke lurer,
og ei sorg der det også finst lys. Konkret og lågmælt skriv ho blant anna om slektsgarden, om barndom og familie. Og med same pulsen skriv ho både om døden og framtida, om det mystiske og uavklara – og det å høyre til.


ISBN: 9788234000690

Kategoriar: Kommande bøker, Lyrikk, drama og essay, Siri Økland, Skjønnlitteratur

Emneknagg:

Sjanger: lyrikk, drama og essay


Meir frå Siri Økland