Last ned omslag

Bla-i-boka

63 måtar å elske deg på

Monica Bjermeland

Saknet etter far

Ti år gammal får Gabriella vite at far hennar ikkje er far hennar likevel. Det finst ein genetisk-biologisk far. Han bur ein busstur unna, og han er tyrkisk. Betyr det at ho ikkje er norsk? Først då mor hennar døyr, tek Gabriella kontakt. Ho er 15 år og treng ein far. Korleis skal ho elles bli heil att? Men faren har fire søner og treng inga dotter.

Som vaksen bestemmer Gabriella seg for igjen å oppsøkje faren, som no har flytta attende til eit Tyrkia der tilhøyrsle ikkje er noko ein kan ta for gitt. Ho tek med seg dottera på fire år og reiser til den vesle landsbyen Tokaçlı heilt sør i landet, på grensa til Syria.

«63 måtar å elske deg på» er ikkje ei bok om forsoning. Monica Bjermeland skriv innsiktsfullt og levande om mot, kulturforskjellar og om å stå opp for den ein er.

Frå Bokmeldingar

Monica Bjermeland leverer ei heilstøypt historie i eit heilstøypt forteljarspråk.
Øyvind Rangøy, Romsdals Budstikke

Terning 5 Romanen skildrer kulturkollisjon, kaos og kriser på flere nivåer, både i enkeltindividers og nasjoners liv. […] en viktig og tankevekkende bok. Sigmund Jensen, Stavanger Aftenblad

Stilsikker debut [...] Bjermeland har funnet en stemme som bærer romanen igjennom. Valg av tematikk fremstår troverdig. Hun reflekterer godt over foreldrerollen, både som mor til egen datter og som datter til faren som svikter gang på gang.

Eskil Skjeldal, Vårt Land



Meir frå Monica Bjermeland