{"title":"Sigmund Løvåsen","description":"\u003cdiv title=\"Page 37\" class=\"page\"\u003e\n\u003cdiv class=\"layoutArea\"\u003e\n\u003cdiv class=\"column\"\u003e\n\u003cp\u003e\u003cspan\u003e\u003cstrong\u003eSigmund Løvåsen\u003c\/strong\u003e \u003c\/span\u003e\u003cspan\u003e(f. 1977) er frå Trysil og er busett på Svartskog i Nordre Follo\u003cbr\u003ekommune. Han studerte ved forfattarstudiet i Bø og Litterär Gestaltning i Göteborg. Han har tidlegare vore leiar for Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring og leiar av Kulturrådet. Løvåsen debuterte i 2003 med \u003c\/span\u003e\u003cspan\u003eromanen \u003c\/span\u003e\u003cem\u003eNyryddinga\u003c\/em\u003e\u003cspan\u003e, og for den blei han tildelt både Tarjei Vesaas’ debutantpris og P2- lyttaranes romanpris. Han har sidan gitt ut \u003c\/span\u003e\u003cspan\u003eromanar, skodespel, barnebok, biografi og diktsamling. \u003c\/span\u003eSiste utgiving på Samlaget var diktsamlinga \u003cem\u003eTusen elgar i garasjen\u003c\/em\u003e, som han vart nominert til Brageprisen for.\u003c\/p\u003e\n\u003c\/div\u003e\n\u003c\/div\u003e\n\u003c\/div\u003e\n\u003cp\u003e\u003cbr\u003e\u003c\/p\u003e","products":[{"product_id":"nyryddinga","title":"Nyryddinga: roman","description":"Ti år gamle Geir bur på eit småbruk der dei driv med sau. Alt følgjer sitt vante, trygge mønster, styrt av årstidene og arbeidet. Men så blir far til Geir sjuk. Frykta for sjukdommen og ønsket om å halde hjula i gang, gjer at Geir føler eit stort ansvar for å hjelpe til. Det blir tungt for han den dagen dei bestemmer seg for å leggje ned bruket. Men han og kameraten Finn gir ikkje opp: Dei skal bli sauebønder og skihopparar bare dei blir vaksne. Ei veksande interesse for jenter kjem òg inn i bildet, og ein byjentekjærast dukkar opp.","brand":"Sigmund Løvåsen","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737019314327,"sku":"9788234004292","price":379.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/qc6r1PhQoQEMlX7nihTLblJOA7FrDqSoSmRV8VAP.jpg?v=1716488777"},{"product_id":"nyryddinga-roman-3","title":"Nyryddinga: roman","description":"Geir er ti år og bur på eit småbruk der dei driv med sau. Far til Geir blir sjuk, og frykta for sjukdommen og ønsket om å halde hjula i gang på garden, gjer at Geir føler eit stort ansvar for å hjelpe til med gardsdrifta. Det blir tungt for han den dagen dei bestemmer seg for å leggje ned bruket, og det trygge mønsteret blir brote. Men han og kameraten Finn gir ikkje opp. Gjennom mange livlege episodar får vi bli med inn i Geir si barnlege verd.","brand":"Sigmund Løvåsen","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737046118551,"sku":"9788252176964","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"brakk-roman-3","title":"Brakk: roman","description":"Geir er nitten år og faren er død. At faren er borte og garden seld, har gått sterkt inn på Geir. Geir må til slutt konfrontere seg sjølv med eit val som for han er eksistensielt: Skal han levere alle dyra og avvikle drifta, eller skal han berre levere dei slakteferdige og halde fram? Brakk er ein frittståande oppfølgjar til Nyryddinga (2003).","brand":"Sigmund Løvåsen","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737046315159,"sku":"9788252176971","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"brakk-roman","title":"Brakk","description":"","brand":"Sigmund Løvåsen","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":42263964221661,"sku":"9788252165210","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/wGooEwV4UrKgwncPoTC1xGmCvnH9G06wy11B6NDZ.jpg?v=1716505833"},{"product_id":"mamsell-iversen-roman","title":"Mamsell Iversen","description":"","brand":"Sigmund Løvåsen","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":42263966220509,"sku":"9788252174168","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/mRaObvtDN69PJQ2NLIrvUwyIY6e7lDkSCRfmhm7D.jpg?v=1716508776"},{"product_id":"mamsell-iversen-roman-1","title":"Mamsell Iversen: roman","description":"Pauline Lindstad blir funnen brutalt drepen i moltemyra ved ei lita bygd på det indre Austlandet. Drapet grip brått inn i livet til dei som bur i området. Folkepraten går, og mamsell Iversen, prostituert og vevarske, får ei ubehageleg kjensle av at det er ho som har stått for ugjerninga. Med bråe skift mellom burlesk humor og gravalvor blir vi kasta inn i bygdas mange historier og møter fargerike karakterar: den morlause Skam-Andras, som går og leiter etter far sin blant fyllikane, Marie Størks, som har sterke band til både himmel, helvete og dei døde, og skreppekremmaren Svensk-Jøden, som vart tatt av dage i same traktene som Pauline Lindstad.","brand":"Sigmund Løvåsen","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36740624285847,"sku":"9788252182170","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/TAxfup5RnH4RKSXvohxymiVIcbeqvgzNuFQqETdW.jpg?v=1716510715"},{"product_id":"brakk-roman-1","title":"Brakk: roman","description":"I Brakk møter vi igjen hovudpersonen Geir ti år etter at Nyryddinga slutta. Geir er altså eldre og faren er død. At faren er borte og garden seld, har gått usedvanleg sterkt inn på Geir. Han taklar sorga ved å kjøpe seg eit lite småbruk der han nesten jobbar vettet av seg. Men mora vil helst det annleis. Ho vil at han skal komme seg vekk frå garden. Boka toppar seg i eit for hovudpersonen eksistensielt val: Skal han halde fram på bruket, eller skal han avvikle drifta? På mange vis går Geir inn i sin eigen fars plass, og gjentek farens bevegelsar og tankar i sterk grad.            Brakk er ei nydelig og sterk skildring av ein grensetilstand der eit menneske i ekstrem grad lever mellom fortid og notid og mellom opplevinga av seg sjølv og bildet av ein annan - far.","brand":"Sigmund Løvåsen","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36740751982743,"sku":"9788252182156","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/euDGZqFYoW4ZcXFP0H3VuoXzq0VI0sBFavJAGcxR.jpg?v=1716510626"},{"product_id":"med-oksene-dei-haustar-inn-dikt","title":"Med øksene dei haustar inn: dikt","description":"\u003cp\u003eKulturlandskap, jord- og skogbruk er ramma for tekstane i Sigmund Løvåsens første diktsamling. Det handlar om å dyrke, så og hauste, om menneska som formar landskapet, og landskapet som formar menneska. Frå kvardagslege observasjonar av skogsarbeid, gards- og familieliv strekker tekstane seg langt i både tid og rom: Vi møter eika som har vandra oppover Europa gjennom tusenvis av år, og vi møter linerla på tunet, den som for litt sidan hakka på pyramidar og kamelmøkk i Egypt. Med øksene dei haustar inn plasserer lesaren tett på naturen, dyra, fuglane og årstidene. Gjennom mytestoff, draumar, observasjonar og refleksjonar stiller boka grunnleggjande spørsmål omkring vår plass i landskapet og blant dei andre artene.\u003c\/p\u003e","brand":"Sigmund Løvåsen","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36742056247447,"sku":"9788252195385","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/hDnqhNwbirmvF0c31EY0PZrovGCSfY79MDoQcq3G.jpg?v=1716513897"},{"product_id":"nyryddinga-roman","title":"Nyryddinga: roman","description":"Geir er ti år og bur på eit småbruk der dei driv med sau. Far til Geir blir sjuk, og frykta for sjukdommen og ønsket om å halde hjula i gang på garden, gjer at Geir føler eit stort ansvar for å hjelpe til med gardsdrifta. Det blir tungt for han den dagen dei bestemmer seg for å leggje ned bruket, og det trygge mønsteret blir brote. Men han og kameraten Finn gir ikkje opp. Gjennom mange livlege episodar får vi bli med inn i Geir si barnlege verd.","brand":"Sigmund Løvåsen","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36746391191703,"sku":"9788252164374","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/KFnqGGYpupUzuekMw5prX1YFxN09TMn5NrzFsD0h.jpg?v=1716505142"},{"product_id":"nyryddinga-roman-1","title":"Nyryddinga: roman","description":"Geir er ti år og bur på eit småbruk der dei driv med sau. Far til Geir blir sjuk, og frykta for sjukdommen og ønsket om å halde hjula i gang på garden, gjer at Geir føler eit stort ansvar for å hjelpe til med gardsdrifta. Det blir tungt for han den dagen dei bestemmer seg for å leggje ned bruket, og det trygge mønsteret blir brote. Men han og kameraten Finn gir ikkje opp. Gjennom mange livlege episodar får vi bli med inn i Geir si barnlege verd.","brand":"Sigmund Løvåsen","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36746393616535,"sku":"9788252163162","price":350.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/H4aEZZOgSbIQcprQ8D4NcLfIUgvFDGpMkmdov6St.jpg?v=1716504637"},{"product_id":"nyryddinga-roman-2","title":"Nyryddinga: roman","description":"Ti år gamle Geir bur på eit småbruk der dei driv med sau. Alt følgjer sitt vante, trygge mønster, styrt av årstidene og arbeidet. Men så blir far til Geir sjuk. Frykta for sjukdommen og ønsket om å halde hjula i gang, gjer at Geir føler eit stort ansvar for å hjelpe til. Det blir tungt for han den dagen dei bestemmer seg for å leggje ned bruket. Men han og kameraten Finn gir ikkje opp: Dei skal bli sauebønder og skihopparar bare dei blir vaksne. Ei veksande interesse for jenter kjem òg inn i bildet, og ein byjentekjærast dukkar opp.","brand":"Sigmund Løvåsen","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36746395484311,"sku":"9788252182163","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/Whus117c6td5DOWULvu6R0SoyVnfgwbOZVRsYMob.jpg?v=1716510710"},{"product_id":"med-oksene-dei-haustar-inn-dikt-1","title":"Med øksene dei haustar inn: dikt","description":"Kulturlandskap, jord- og skogbruk er ramma for tekstane i Sigmund Løvåsens første diktsamling. Det handlar om å dyrke, så og hauste, om menneska som formar landskapet, og landskapet som formar menneska. Frå kvardagslege observasjonar av skogsarbeid, gards- og familieliv strekker tekstane seg langt i både tid og rom: Vi møter eika som har vandra oppover Europa gjennom tusenvis av år, og vi møter linerla på tunet, den som for litt sidan hakka på pyramidar og kamelmøkk i Egypt. Med øksene dei haustar inn plasserer lesaren tett på naturen, dyra, fuglane og årstidene. Gjennom mytestoff, draumar, observasjonar og refleksjonar stiller boka grunnleggjande spørsmål omkring vår plass i landskapet og blant dei andre artene.","brand":"Sigmund Løvåsen","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36746468098199,"sku":"9788252195392","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/OdEFvS1uRmu4U6u0wHz2c7m2tFImwfLDc9YS3FO6.jpg?v=1716513917"},{"product_id":"daga","title":"Daga","description":"\u003cp\u003eDaga handlar om kjærleik. Den som er, den som var, og den som aldri kjem. Om kva slags val vi tek i løpet av livet, og kva slags konsekvensar dei får, både for oss sjølve og dei omkring oss. Val vi aldri kan gjere på nytt. \u003c\/p\u003e","brand":"Sigmund Løvåsen","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":42257835589853,"sku":"9788252165319","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/PbAtDbxODWn4GbE05b3bQz65h8i2DazSevxg4W1n.jpg?v=1716505868"},{"product_id":"vid-din-sida","title":"Vid din sida","description":"\u003cp style=\"margin: auto auto 0pt\"\u003eNår Ingrid og Johannes saman syng «Vid din sida», er dei tilbake i sine lykkelegaste dagar. Men i dag er Johannes dement, og har ikkje lenger nokon kontakt med denne fortida. Forholdets mørkare sider kjem til syne når dei siste åra fors-vinn frå hukommelsen. Kan kjærleiken overleve at det felles minnet om den forsvinn? Stykket handlar om korleis det er å leve som dement og med ein dement. Ei kjærleikshistorie om ein families kamp for å halde fast i seg sjølv, verda omkring dei, og kvarandre.\u003c\/p\u003e\u003cp style=\"margin: auto auto 0pt\"\u003e \u003c\/p\u003e\u003cp style=\"margin: auto auto 0pt\"\u003eStykket hadde premiere på Teater Innlandet i oktober 2011.\u003c\/p\u003e","brand":"Sigmund Løvåsen","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":42257879498973,"sku":"9788252180640","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/qz4A2sG6uCoHWmC6M6cBy6kPLwe7i3ZtKbFlVTTr.jpg?v=1716510370"},{"product_id":"brakk","title":"Brakk: roman","description":"\"Eg er imponert over Løvåsens forteljeevne, motet til å gå i fotefara til dei store forteljarane i norsk litteratur.\" \nKnut Ødegård, Aftenposten \n \n\"Det er noe veldig godt ved å være i hendene på en yngre forfatter som ikke er redd for å skape sine egne spor og tar mål av seg å til skape noe stort.\" \nTonje Vold, Dagsavisen \n \n\"Brakk står som en hesjepåle!\" \nKnut Fjeld, Østlendingen \n \n\"Det er rått og konkret. Løvåsen er en mann med forkjærlighet for det uparfymerte. Derfor stinker denne boken. Den stinker sau, skau og svette. Det er en stank jeg liker.\" \nSindre Hovdenakk, VG","brand":"Sigmund Løvåsen","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":43207218888925,"sku":"9788234009914","price":379.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/9SCyBw8SZpEHVLBmniOnbUXJrfJARcCJTdvWw5od.jpg?v=1716490378"},{"product_id":"mamsell-iversen","title":"Mamsell Iversen: roman","description":"\"Og selv om vi har å gjøre med en handlekraftig heltinne som er lett å like i sin burleske faenskap, så er romanens fremste styrke Løvåsens særegne grep om språket...resultatet er nyskapende og originalt.\" \nSilje Stavrum Norevik, Bergens Tidende \n \n\"Noen ganger er det som alt stemmer. Mamsell Iversen er en slik roman.\" \nGeir Vestad, Hamar Arbeiderblad \n \nLes heile meldinga \n\"Forteljemåten er episodisk, og språket så munnleg og dialektprega at eg humrar berre av den grunn. [...] Måten Løvåsen balanserer naturmystikk, folketru og innsikt i menneskesinnets ulikt krøkte irrgangar på, gjer romanen til eit interessant kollektivportrett av ei lenge forlaten tid [...]\" \nNora Simonhjell, Morgenbladet \n \n\"I hvert fall sitter språket som støpt rundt personer og situasjoner i det som opplagt er Løvåsens aller beste til nå - en bok der han slipper seg løs fra alt og alle, gir blaffen i trender og det som måtte være inn og salgbart og føre til godstolen hos Skavlan, men bare er til å gi seg over av. Lese, himle med øynene, flire, fnise og nyte!\" \nKnut Fjeld, Østlendingen \n \n\"[...] Sigmund Løvåsen har skrive seg opp mot elitedivisjonen.\" \nAlf Kjetil Walgermo, Vårt Land","brand":"Sigmund Løvåsen","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":43207220134109,"sku":"9788234009921","price":379.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/KkrMq0LaG7CGTPWlmHRtN5x5PyR1ZPyiSGpLQ2sY.jpg?v=1716490381"},{"product_id":"brakk-roman-2","title":"Brakk: roman","description":"\u003cp\u003eSigmund Løvåsen (f. 1977) er frå Trysil. Brakk er ein frittståande oppfølgjar til debutboka Nyryddinga, som han fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for. \"Det er noe veldig godt ved å være i hendene på en yngre forfatter som ikke er redd for å skape sine egne spor og tar mål av seg å til skape noe stort.\" Tonje Vold, Dagsavisen \"Det er rått og konkret. Løvåsen er en mann med forkjærlighet for det uparfymerte. Derfor stinker denne boken. Den stinker sau, skau og svette. Det er en stank jeg liker.\" Sindre Hovdenakk, VG \"Eg er imponert over Løvåsens forteljeevne, motet til å gå i fotefara til dei store forteljarane i norsk litteratur.\" Knut Ødegård, Aftenposten \"Brakk står som en hesjepåle!\" Knut Fjeld, Østlendingen\u003c\/p\u003e","brand":"Sigmund Løvåsen","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":43235818471645,"sku":"9788252170597","price":229.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/nHyVDDmnIxQLqQvSiWV6AkjCjSQfu6q9NaOHpPtJ.jpg?v=1716507983"},{"product_id":"mamsell-iversen-roman-2","title":"Mamsell Iversen: roman","description":"","brand":"Sigmund Løvåsen","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":43235919986909,"sku":"9788252178593","price":229.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/Gid3M9qSeSeKsOfQvf6IHiKmZE9fpZEbA6gGqzlq.jpg?v=1716509926"},{"product_id":"tusen-elgar-i-garasjen","title":"Tusen elgar i garasjen: dikt","description":"Sprudlande dikt for barn og vaksne i alle aldrar. \n \nHar du kinesisk jern i blodet? Er det tisset til Jesus du drikk? Er spyfluga glad i spy? Og har du eigentleg Europas største stortå? Dette er nokre av spørsmåla du får eller ikkje får svar på i denne diktsamlinga.  \n \n«Tusen elgar i garasjen» tar oss med på ei ferd med ramn og salamander, dinosaurar og flaggermus, rustne traktorar og maur i trusa som \nfølgjesveinar.  \n \nHar du nokon gong ridd på ein daud elg gjennom skogen? Tenkte oss det. \n \nIllustrert av Hilde Hodnefjeld \n \n \n \nSANDKASSA \n \nOm sandkassa er noko lite og barnsleg? \nNei, veit du kva. I den kan ein byggje slott, tunellar og store byar. \nI den kan ein bake hundre kaker i minuttet. \nKatten brukar sandkassa som do, og mauren brukar henne som ferieparadis. \nBygg ein dinosaurpark i sandkassa. Folk kjem frå heile verda for å sjå. \nDei rir på tyrannosaurus rex og diplodocus. \nAlt er fryd og gaman heilt til ein meteor kjem frå verdsrommet og utryddar alle. \nFrå kjøkenglaset roper mamma at det er middag.","brand":"Sigmund Løvåsen","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":43570207883485,"sku":"9788234010200","price":229.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/SgCz2p562uKpGEUPKh0BqhRsSbgBiF9GvHTZWnb2.jpg?v=1716515200"},{"product_id":"tusen-elgar-i-garasjen-1","title":"Tusen elgar i garasjen: dikt","description":"Sprudlande dikt for barn og vaksne i alle aldrar. \n \nHar du kinesisk jern i blodet? Er det tisset til Jesus du drikk? Er spyfluga glad i spy? Og har du eigentleg Europas største stortå? Dette er nokre av spørsmåla du får eller ikkje får svar på i denne diktsamlinga.  \n \n«Tusen elgar i garasjen» tar oss med på ei ferd med ramn og salamander, dinosaurar og flaggermus, rustne traktorar og maur i trusa som \nfølgjesveinar.  \n \nHar du nokon gong ridd på ein daud elg gjennom skogen? Tenkte oss det. \n \nIllustrert av Hilde Hodnefjeld \n \n \n \nSANDKASSA \n \nOm sandkassa er noko lite og barnsleg? \nNei, veit du kva. I den kan ein byggje slott, tunellar og store byar. \nI den kan ein bake hundre kaker i minuttet. \nKatten brukar sandkassa som do, og mauren brukar henne som ferieparadis. \nBygg ein dinosaurpark i sandkassa. Folk kjem frå heile verda for å sjå. \nDei rir på tyrannosaurus rex og diplodocus. \nAlt er fryd og gaman heilt til ein meteor kjem frå verdsrommet og utryddar alle. \nFrå kjøkenglaset roper mamma at det er middag.","brand":"Sigmund Løvåsen","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":43570208047325,"sku":"9788234010156","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/W2T6faJiYvi68vr8bGN2BoGsAmuSLaMXrNi6naKS.jpg?v=1716515188"},{"product_id":"flaumen","title":"Flaumen","description":"Finn og faren bur i eit hus på ein campingplass like ved elvebreidda i bygda. Ein dag får Finn beskjed om at skulen kjem til å vere stengd dei neste dagane fordi eit ekstremvêr og ein storflaum er på veg. Finn bekymrar seg for om faren kjem til å klare å redde campingplassen frå dei store vassmassane. Vil dei i det heile tatt ha eit hus og ein jobb å vende tilbake til når flaumen er forbi?  \u003cbr\u003e \u003cbr\u003eFinn og den snartenkte kameraten Jon held seg ikkje i ro innomhus sjølv om skulen er stengd. Dei bestemmer seg for å hjelpe til med flaumarbeidet, heilt på sin eigen måte. Redningsaksjonen Operasjon Olga blir starta. Med på laget får dei Vanja, den raskaste og sterkaste jenta i bygda. Men duren frå elva blir stadig sterkare, og med eitt er flaumen der. Vil planen deira fungere?  \u003cbr\u003e \u003cbr\u003eBoka er illustrert av Kristoffer Kjølberg. \u003cbr\u003e\u003cbr\u003e","brand":"Sigmund Løvåsen","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":47075526377693,"sku":"9788234014512","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_e32f9aab-a200-44ac-b799-d0f4749446b6.jpg?v=1776769432"},{"product_id":"flaumen-1","title":"Flaumen","description":"Finn og faren bur i eit hus på ein campingplass like ved elvebreidda i bygda. Ein dag får Finn beskjed om at skulen kjem til å vere stengd dei neste dagane fordi eit ekstremvêr og ein storflaum er på veg. Finn bekymrar seg for om faren kjem til å klare å redde campingplassen frå dei store vassmassane. Vil dei i det heile tatt ha eit hus og ein jobb å vende tilbake til når flaumen er forbi?  \u003cbr\u003e \u003cbr\u003eFinn og den snartenkte kameraten Jon held seg ikkje i ro innomhus sjølv om skulen er stengd. Dei bestemmer seg for å hjelpe til med flaumarbeidet, heilt på sin eigen måte. Redningsaksjonen Operasjon Olga blir starta. Med på laget får dei Vanja, den raskaste og sterkaste jenta i bygda. Men duren frå elva blir stadig sterkare, og med eitt er flaumen der. Vil planen deira fungere?  \u003cbr\u003e \u003cbr\u003eBoka er illustrert av Kristoffer Kjølberg. \u003cbr\u003e","brand":"Sigmund Løvåsen","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":47137824440541,"sku":"9788234014529","price":199.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_1ffef000-ddc2-42b7-85a1-f1cab808e3a9.jpg?v=1776769435"},{"product_id":"flaumen-2","title":"Flaumen","description":"Ei spennande forteljing om ekstremvêr og storflaum, for barn i mellomtrinnsalder. Finn bur på ein campingplass ved ei elv, og når skulen blir stengd på grunn av flaumfare, må han og faren førebu seg på det verste. Kan dei redde campingplassen – og vil dei ha ein heim og ein jobb å kome tilbake til når vatnet har trekt seg tilbake?\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eFinn klarer ikkje å sitje stille inne medan vassmassane nærmar seg. I lag med den snartenkte venen Jon set han i gang ein redningsplan.  Med på laget får dei Vanja, den raskaste og sterkaste jenta i bygda. Dei vil hjelpe til med flaumarbeidet, men elva brusar høgare for kvar time – og plutseleg er flaumen der.\u003cbr\u003eNår naturkreftene tek over og alt står på spel, må Finn og venene vere både modige og smarte. Vil operasjonen verke før det er for seint? \u003cbr\u003e\u003cbr\u003e","brand":"Sigmund Løvåsen","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":47331794223325,"sku":"9788234017704","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_863f13c5-5c68-4d2f-b136-7dcc72d29b39.jpg?v=1775567011"}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/collections\/Sigmund_Lovasen_2026_15.jpg?v=1780042451","url":"https:\/\/samlaget.no\/collections\/sigmund-lovasen\/2004.oembed","provider":"Samlaget","version":"1.0","type":"link"}