Strikk til nøstebarn

Kathrine Gregersen |
Tove Breistein (Ill.) | Hefta | Sidetal: 142 | ISBN: 9788252187557

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price399 kr
I denne boka finn du dei beste oppskriftene til dei populære strikkeplagga frå Nøstebarn. Her er mjuke strikkeklede til babyen, varme genserar til dei litt større barna og florlette sjal og lune jakker for vaksne. I tillegg finn du småplagg som sokkar, luer og babyteppe, og dessutan ei rekkje tips til anna tilbehør og dekor.

Alle oppskriftene baserer seg på ubehandla ullgarn. Ull er det beste materialet både til kaldt og varmt vêr, det pustar og absorberer fuktigheit.

Oppskriftene i boka er enkle å følgje, og plagga er raske å strikke. Bilda i boka gir inspirasjon til å gå i gang med lekre ullplagg for store og små, i ulike fargevariasjonar. Og det er ingen ting i vegen for at du kan utvikle oppskriftene vidare med eigen fantasi og kreativitet!

Kathrine Gregersen

Du likar kanskje desse

Sist sett på