Ei verd bygd på islam: oversikt over Midtaustens historie

Knut S. Vikør |
Hefta | Sidetal: 301 | ISBN: 9788252193848

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price489 kr
Dagens samfunn i Midtausten byggjer på ei fjorten hundre år gammal historie og på ein religion med røter på den arabiske halvøya. I dette oversiktsverket følgjer vi denne historia frå profeten Muhammeds tid og fram til i dag.

I framstillinga er det lagt vekt på at forholdet mellom religion og politikk har endra seg opp gjennom historia. Vi kan følgje ei linje frå politiske og religiøse stridar i mellomalderen til politisk fornying under det osmanske riket og oppblomstring av arabisk nasjonalisme på slutten av 1800-talet. Med oppløysinga av det europeiske koloniveldet på 1900-talet oppstod dagens statar, der islam kom til å setje sitt preg på politikken på ulikt vis.

I nyare tid har «Den arabiske våren» ført til store endringar i Midtausten, med samanbrot i fleire land, medan politisk islam har fått breiare plass i andre. I den nye utgåva blir denne utviklinga sett inn i ein historisk samanheng.

Knut S. Vikør

Du likar kanskje desse

Sist sett på